Leiar
Ein ny verdsorden
President Donald Trump i Det kvite huset i Washington, D.C.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
Friedrich Merz, den komande tyske kanslaren, sa etter valsigeren sist sundag: «Etter Donald Trumps utsegner sist veke er det klart at den amerikanske regjeringa ikkje bryr seg mykje om lagnaden til Europa.»
No vil han at Tyskland skal bidra til å styrkja Europa «så raskt som mogeleg slik at Europa steg for steg kan verta uavhengig av USA». Eit par dagar seinare røysta USA, saman med Russland, Kina, Belarus, Israel og Nord-Korea, mot ein resolusjon i FN som fordømer Russlands krig mot Ukraina. Oppe i alt dette varsla Trump onsdag denne veka ein EU-toll på visse varer på 25 prosent.
Dette er ei utvikling få ville trudd på for kort tid sidan. Men den britiske statsministeren Harold Wilson åtvara oss: Ei veke er lang tid i politikken.
Strategien til Donald Trump er å sjokkera, splitta, forvirra og skapa uro – og på den måten få medieoppslag, vedgåingar og gjennomslag. Han dominerer dagsordenen. Men vi veit aldri heilt kva det endar opp med. Han er så uføreseieleg at han kan koma til å seia noko heilt anna om ei veke eller ein månad. Men retninga er ikkje til å ta feil av.
Det heile kan enda med at USA melder seg ut av Nato. Det vil rett nok vera ein krunglete prosess etter at Kongressen i 2023 vedtok ei lov som tek frå presidenten makta til å gjera det på eiga hand. Same kva vil Trump ha meir enn nok makt til å undergrava Nato og til å svekkja alliansebanda som USA og Europa har bygd opp sidan 1949.
Nato vil likevel overleva, med eller utan USA. Men konsekvensen av dei stadige utspela til Trump er at han har svekt sjølve grunnmuren til Nato, artikkel 5, som slår fast at eit åtak på eitt medlemsland er eit åtak på alle. Vi ser no teikn til nærast ei tilbakevending til ein gamal verdsorden der liberal-demokratiske verdiar ikkje har same vekt i verdspolitikken. Han er snarare styrt av interessene til nokre få stormakter, USA, Kina og Russland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.