Eingongspurker

Publisert Sist oppdatert

Norsk landbruk slit med overproduksjon på både sau, storfe, gris, kylling og mjølk. Noko må gjerast for å skapa balanse mellom tilbod og etterspurnad.

For å forklara litt av grunnen til overproduksjonen av gris må vi introdusera eit nytt merkeleg omgrep: «eingongspurker». Har du høyrt om slike? Det er smått utruleg, men diverre finst det grisepurker som med rette kan kallast det.

Eingongspurker er purker som etter at dei har fått det fyrste kullet sitt og dia i fem veker, vert slakta. Ikkje av di dei ikkje kan verta drektige att, men av di dei fyller eit smotthòl i konsesjonsregelverket for griseproduksjon.

Ein norsk grisebonde kan ikkje ha fleire enn 105 avlspurker. Ei avlspurke vert definert som ei purke som har hatt minst eitt grisekull. Det vil seia at ei purke som er drektig, men enno ikkje har grisa, ikkje fell inn under definisjonen avlspurke.

Så når ho vert slakta etter fyrste kull, har ein lurt systemet og produsert fleire grisungar enn regelverket legg opp til. Somme bønder kan ha mange eingongpurker i året på éi avlspurke.

Resultatet vert store danskliknande grisefjøs – og overproduksjon. Og ikkje minst: dårleg dyreetikk og ein bruk og kast-mentalitet som svinenæringa ikkje kan leva med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement