EØS-avtalen under press

Det positive med EØS-avtalen er at samarbeidet vårt med EU er føreseieleg.

Utvalsleiar Line Eldring med NOU-rapporten Noreg og EØS: Utvikling og erfaringer.
Utvalsleiar Line Eldring med NOU-rapporten Noreg og EØS: Utvikling og erfaringer.
Publisert

NOU-rapporten Norge og EØS: Utvikling og erfaringer, som kom for nokre veker sidan, gjev eit godt oppdatert bilete av Noregs tilhøve til EU gjennom EØS.

Då førre EØS-rapport kom i 2012, vart det sagt at vi i praksis var 75 prosent medlem av EU. Det talet er høgre no, for å seia det slik. I 1992 inkluderte EØS-avtalen 1800 EU-rettsreglar eller rettsakter. I 2012 var det nesten 3000. I dag er det 7800 rettsreglar med smått og stort. I tillegg kjem ei rekkje andre avtalar vi har med EU.

Det positive med EØS-avtalen er sjølvsagt at samarbeidet vårt med EU er føreseieleg, at vi klarer oss godt økonomisk utanfor unionen, og at han medverkar til å verna norsk landbruk og fiske. I 30 år har såleis EØS, etter to harde EF- og EU-kampar, vore eit greitt nasjonalt kompromiss.

Det er difor lett å la EØS-avtalen gå sin skeive gang. For alternativet til EØS er i praksis fullt EU-medlemskap. Ein ny handelsavtale er om ikkje heilt urealistisk, så eit stort sjansespel vi ikkje har råd til.

Men forsvaret for EØS vert vanskelegare og vanskelegare. Vi bør ikkje i det uendelege setja i verk EU-reglar utan røysterett – sjølv om avtalen er friviljug, med ein innebygd reservasjonsrett og vedteken av Stortinget. Difor bør NOU-rapporten føra til ein grunnleggjande debatt om EØS-avtalen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement