Få slutt på krigen
Situasjonen i Gaza har gått frå vondt til verre.
Brann etter eit åtak på ein flyktningleir i Rafah.
Foto: Reuters / NTB
Ein må på nytt og på nytt pressa og be Israel innstendig om å stogga denne krigen.
Israel har sjølvsagt rett til å forsvara seg mot ein terrororganisasjon som Hamas. Hamas har ingen som helst legitimitet, styrt av islamistiske ekstremistar. Men ein kan likevel ikkje bomba Gaza og herja med eit folk på denne måten i månadsvis. Det er ikkje slik ein vert kvitt ekstremisme.
Så må ein samstundes understreka gong på gong at Hamas kunne ha forkorta denne krigen ved å frigjera gislane. Men kynismen i Hamas-leiinga har bidrege til at det ikkje har skjedd.
No har krigen vara i åtte månader. At krigen ville vara lenge og utvikla seg slik han har gjort, var føreseieleg og burde fått Israel til å handla annleis etter den grufulle terrormassakren 7. oktober. Men israelarane støttar framleis opp om krigen. Trua på at Hamas kan utslettast, er enno sterk.
Dag og Tid har denne veka eit referat frå den israelske nyhendekanalen Kanal 12, for å gje eit lite innsyn i korleis krigen vert formidla på israelsk side. Sendinga opnar med å heidra dei militære som er drepne sidan sist. To soldatar vart heidra denne sundagen. Krigen råkar ikkje likt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.