Finland og Sverige inn i Nato
Finland og Sverige må få bli medlemer av Nato. Ein kan ikkje avvisa to land i Norden, som i tillegg er EU-land, når dei vil verta medlemer i eit nordatlantisk forsvarssamarbeid.
Men kvifor hastar det slik? Militære russiske provokasjonar mot Finland og Sverige – og ikkje minst ein invasjon – er no meir usannsynlege etter den russiske invasjonen av Ukraina enn før. Russland har ikkje kapasitet til det. Dei baltiske landa, derimot, ville vore mykje meir utsette for russisk militært press om dei ikkje var medlemer i Nato.
Det er likevel forståeleg at særleg Finland no raskt grip sjansen til å verta Nato-medlem, med den lange grensa dei har til Russland, den viktige strategiske plasseringa og den historia dei har med nabolandet.
Dei to nye medlemskapane vil vera ei stor endring av den militærpolitiske situasjonen i Norden og Nord-Europa, der Austersjøen no vert heilt dominert av Nato-land. Russland vil verta endå meir omringa av Nato enn før og vil sjølvsagt markera tydeleg motstand mot medlemskapane.
Ein treng likevel ikkje overdramatisera følgjene av Nato-utvidinga. Både Sverige og Finland har i fleire år hatt eit tett militært samarbeid med Nato i fleire år.
Den negative kostnaden med ein svensk og finsk medlemskap er våpenopprusting på begge sider av grensene. Når no både Finland og Sverige får Nato-våpen, og med jamne mellomrom vil halda Nato-øvingar, vil sjølvsagt Russland byggja opp ein større beredskap mot desse to landa enn dei har i dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.