Leiar
Fleire tek yrkesfag
Ein elev på Teknologi og industrifag.
Lise Åserud
Aldri før har så mange søkt yrkesfag på vidaregåande skule, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. Til hausten vil 54 prosent av elevane ta yrkesfag. 71 prosent i Finnmark, 64 prosent i Møre og Romsdal og Innlandet. Det er Oslo og Akershus som dreg snittet ned. I Oslo er det berre 26 prosent som har søkt yrkesfag.
Utviklinga i landet er bra for Noreg. Vi treng verkeleg fleire fagarbeidarar i åra som kjem. Skal vi tru Statistisk sentralbyrå, vil vi kunna mangla 85.000 av dei om vel ti år.
Ifylgje NHO har 60 prosent av verksemdene innan helse, bygg, elektro og industri vanskar med å få tak i nok fagarbeidarar. Skal samfunnet vårt fungera godt, treng vi sjølvsagt nok folk med praktisk kunnskap og røynsle.
Dessutan vil fleire yrkeskuleelevar vera bra for trivselen og livsgneisten for tusentals ungdomar. Yrkesfag og konkret praksisundervising vil gje meistringskjensle for mange av dei som slit med ein altfor teoretisk skulekvardag.
Men teoretisk sterke elevar vil òg ha glede av ei yrkesfagutdanning. Ein kan lett byggja ut ei fagutdanning ved å gå vidare på fagskule, høgskule eller universitet.
Vonleg ser vi no ein trend mot ei meir praktisk tilnærming i heile undervisingssektoren, med ei ny oppvurdering av den praksisorienterte undervisinga ved profesjonsutdanninga. Difor er det gledeleg at regjeringa no opnar for meir fleksibilitet i lærarutdanninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.