Land etter land, blant dei Tyskland, USA og Storbritannia, har no vedteke å setja på vent den økonomiske støtta til FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten. Grunnen er at 12 lokalt tilsette i FN-organisasjonen er tekne for medverknad til terroren i Israel 7. oktober. To av dei er no døde, dei andre skal vera oppsagde og vert vonleg straffeforfylgde.
I tillegg siterer Wall Street Journal denne veka israelske etterretningsrapportar på at 1200 FN-tilsette på Gaza har tilknyting til Hamas eller Islamsk jihad. I så fall talar vi om 10 prosent av dei 12.000 FN-tilsette på Gaza. Om Israel her overdriv, driv krigspropaganda eller kva Israel meiner med Hamas-tilknyting, er ikkje vi i stand til å vurdera.
Det er likevel ikkje uventa at også FN-tilsette på Gaza har tilknyting til Hamas. Dei 12.000 FN-tilsette på Gaza-stripa er stor sett lokalt tilsette palestinarar. Hamas har ikkje berre drive krig og terror mot Israel. Hamas har hatt makta og ein dominerande posisjon på Gaza i snart 20 år, med ei eller anna form for involvering i det meste som har føregått der. Som skulane, helsestellet og kulturlivet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.