For ein nedtur
Vinnar av presidentvalet i USA, Donald Trump, på veg opp på scena valnatta 6. november.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
Trump skulle aldri ha vorte president, men kasta ut av sitt eige parti for lenge sidan. Måten han omtalar folk på, alle løgnene og overdrivingane, er uverdig for ein folkevald. No kjem ein ingen veg med slike utbrot mot Trump og dei prinsipplause medlemene i partiet hans. Ein må likevel få det ut, av rein sjølvrespekt.
Kven ville hatt ein slik mann som rektor på skulen til ungane sine? Men president kan han altså bli? I fleire statar har godt over 50 prosent røysta på han. I Nord-Dakota røysta 67 prosent på Trump. I Wyoming 71,6. Og det på ein mann som nekta for at han tapte valet i 2020. Saman med ein tvilsam gjeng med rådgjevarar herja han på i vekevis etter valet med ulike konspirasjonar om fusk. I dag har sentrale representantar for det republikanske partiet stilt seg bak løgna.
Ei slik fornekting er sjølvsagt undergravande for demokratiet. I 2020 vart tilliten til folkestyret berga av domstolane som avviste søksmåla frå Trump. Men demokratiet er ikkje ei evigvarande styreform. Ein kan ikkje hersa med det på denne måten utan at det vert svekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.