Framleis nei til OL i Noreg

Publisert

Eit utval sett ned av Idrettsforbundet, som aldri gjev opp draumen om å attskapa Lillehammer-stemninga, har ikkje uventa oppmoda om at Noreg på nytt bør arbeida for ein ny norsk OL-søknad.

Viktige premissar for utvalet er at den internasjonale olympiske komiteen no vil leggja meir vekt på gjenbruk, og at leikane kan fordelast over eit større geografisk område. Og sjølvsagt er honnørordet berekraft nemnt.

Det er positivt at kostnadene kan gå ned, men reduksjonen vert aldri stor nok. OL er vorte så stort og krev så mykje ny infrastruktur at det er uansvarleg og ufornuftig å nytta offentlege pengar på eit slikt arrangement.

Under Lillehammer-OL var det 1700 deltakarar og 61 øvingar. No skal alle med. I Beijing i år var det 3000 utøvarar som deltok i 109 ulike øvingar. Sju nye øvingar kom til berre i 2022. Ikkje eingong Noreg, «verdas beste vinternasjon», stilte med utøvarar i alle øvingane – berre i 65 av dei.

Alle dei store internasjonale idrettsarrangementa, ikkje berre OL, har gått i feil retning. Dei er vortne for store, for dyre og for kommersielle. Staten kan heller bidra med å byggja symjehallar landet rundt enn med å sponsa eit nytt OL. Det ville vore noko.

Målsetjinga til Den internasjonale olympiske komiteen er å skapa ei betre verd gjennom sport. Tanken er god, men bidraget frå OL-leikane dei siste åra må seiast å ha vore relativ nøkternt, trass i alle milliardane. Det er iallfall vanskeleg å sjå kva OL i Sotsji og Beijing har bidratt med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement