Den norske skulen opplever no at mange rektorar sluttar, og at det er vanskeleg å få tak i nye. Kva er dette? Rektor – skulestyrar – det er jo ein heiderstittel til liks med ordførar, prest og lensmann. Og hakket over redaktør. Å vera rektor bør vera ein draumejobb for alle som vil påverka og bidra til ei positiv samfunnsutvikling.
Men nei, arbeidsmengda, ressursmangelen og stadig fleire krav frå alle kantar gjer at mange sluttar, og at færre søkjer på dei nye jobbane. Det er alvorleg. Gode rektorar er avgjerande for ein god skule.
I haust lova regjeringa å «sette i gang et arbeid som skal se nærmere på skoleledernes arbeidssituasjon, og komme med forslag til hvordan vi kan styrke deres muligheter til å drive et systematisk kvalitetsutviklingsarbeid».
«Systematisk kvalitetsutviklingsarbeid»? Nok ein gong slike ord og vendingar som berre skapar avstand og mistydingar. Men la det liggja her.
Ein kan betra rektorproblemet ved å auka budsjetta til skulane og gje rektorane avlasting. Men det vil ikkje skje. Kommunane har ikkje pengar til det. Og på statsbudsjetta framover vil meir pengar til skulen tapa mot auka satsing på Forsvaret, eldreomsorg og ras- og flaumsikring. Det vil vera vanskeleg nok å sikra dei skulebudsjetta ein alt har.
Start heller med å redusera rapporteringskrava og alle mogelege evalueringar som rektorane og skulane må driva med. Dette bør vera fullt mogeleg å få til, men krev politisk mot og kraft. Gje rektorane meir fridom, og la dei sleppa halvparten av møta dei må ha med ulike kommunale og statlege instansar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.