Hamas er ein terrororganisasjon

Publisert

Aksjonen til Hamas sist veke er så grotesk at han er knapt til å tru. Det er ei terrorhandling av verste sort som gjev assosiasjonar til Utøya. Hamas-krigarar har skote sivile på kloss hald i ein massakre. Å sjå jubelen frå gatene i Teheran og andre stader er motbydeleg.

Hamas-krigarane er styrte av islamistisk ekstremisme og martyrideologi. Mange av dei har ikkje hatt forventningar om å overleva aksjonen. Men for slike er det å døy i kamp mot Israel ein veg til martyrdom og paradis.

Faren no er at situasjonen kan spreia seg til Vestbreidda, med oppreist og ein ny intifada. Og i verste fall kan det koma til krig mellom Iran og Israel. I Europa kan vi på nytt få oppblomstring av islamistisk ekstremisme.

Israel har rett til å forsvara seg mot terror, men dei må handtera situasjonen klokt. Konsekvensane av ein bakkekrig vil vera katastrofale for dei to millionane sivile – halvparten born – som bur på Gazastripa. Kampar gate for gate i Gaza by vil kunne få uante følgjer og ta livet av mange uskuldige.

Diverre vil terroraksjonen til Hamas og Israels reaksjon på aksjonen fort koma til å styrkja dei reaksjonære kreftene i Israel og islamistane på Gaza og Vestbreidda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement