Statsråd Kari Nessa Nordtun er handlekraftig. Som ny statsråd gjekk ho i november i fjor ut mot mobiltelefonar i skulen. Ho fann ingen argument for at mobilen har ein naturleg plass i undervisinga for born og ungdom.
No har ho følgt opp og fått Utdanningsdirektoratet til å koma med ei tydeleg tilråding: Ingen mobilbruk i barne- og ungdomsskulen – heller ikkje i friminutta. På vidaregåande skule kan elevane berre nytta mobil i friminutta. Dette vil bli ståande som eit historisk viktig skulepolitisk vedtak.
Heilt sidan smarttelefonen kom på slutten av 2000-talet, har mobilbruken i skulen vore eit uansvarleg eksperiment til stor ulempe for elevane.
Underteikna har sjølv gått på ein skule med tvilsame pedagogiske idéar. Førde ungdomsskule på 1970-talet var ein såkalla open skule med enkle flyttbare vegger mellom romma. Læraren og ein assistent kunne stå og undervisa 60 elevar i eit stort rom.
Midt i skulebygget skulle elevane etterpå sitja kvar for seg og repetera matteleksa ved å høyra på kassettar på høyretelefonar. Elevane skulle driva sjølvstudium og halda på i det tempoet dei sjølve meinte var rett, med rettleiing frå læraren når dei bad om det. IMU, vart det kalla: individualisert matematikkundervising.
Det måtte gå gale. Ofte høyrde elevane i staden på eigne kassettar med musikk. Og i det opne klasselandskapet var det mykje uro. På 1980-talet var det heile over. Idéen kom av ei naiv tru på at unge elevar kunne ta ansvar for eiga læring og ikkje lét seg distrahera av andre ting når sjansen var der.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.