«I dag gjer statsminister Benjamin Netanyahu og krigskabinettet hans nærast som dei vil, både på Gaza og i Libanon.»

Røyk over Beirut etter israelske luftåtak 3. oktober.
Røyk over Beirut etter israelske luftåtak 3. oktober.
Publisert

Situasjonen i Midtausten er dramatisk. Og uklar, sidan USA ikkje har same innverknad på Israel som før. Som i 1982 under den israelske invasjonen av Libanon. Då stod forsvarsminister Sharon bak ei intens bombing av Beirut der fleire hundre vart drepne.

I ein telefonsamtale mellom president Ronald Reagan og statsminister Menachem Begin sa Reagan at israelarane gjekk for langt, noko som skal ha fått Begin til å stogga bombinga. Men Netanyahu er ikkje Begin, og Biden er ikkje Reagan. I dag gjer statsminister Benjamin Netanyahu og krigskabinettet hans nærast som dei vil, både på Gaza og i Libanon.

Israelarane ser på krigane som eit vera eller ikkje vera for landet. Då verkar fredsinitiativa frå USA berre provoserande. Men like fullt legg dei til grunn at USA vil stilla opp for Israel, og at dei amerikanske våpen­leveransane vil halda fram sjølv om konsekvensane av krigføringa har vore katastrofale. Men éin ting er Gaza og Libanon. Andsynes Iran kan ikkje USA la Israel gjera som dei vil. Det står for mykje på spel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement