Leiar
Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB
Torsdag sist veke møtte den britiske statsministeren Keir Starmer Donald Trump i Det kvite huset. Dagen etter var den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj der. Dei to møta kunne ikkje vore meir ulike.
Starmer smiska hemningslaust og hadde med invitasjon frå kong Charles. «Det har aldri skjedd før at den britiske monarken inviterer den same amerikanske presidenten på statsbesøk to gonger. Dette er verkeleg historisk», sa Starmer.
Vi veit alle kva som skjedde då Zelenskyj kom på vitjing. Det var fullt forståeleg at han tok til motmæle, men det var diplomatisk uklokt. Reaksjonen frå Trump var føreseieleg. Han stogga den militære støtta til Ukraina.
Og onsdag denne veka slutta USA å dela etterretningsinformasjon med Ukraina. Det er knapt til å tru. Held det fram, er det katastrofalt og vil drastisk svekkja varslinga om russiske missil- og droneåtak. Resultatet er fleire drepne og meir øydelegging.
Trump pressar uhemma Zelenskyj og ukrainarane til å gje etter for USA. Som å inngå husmannskontrakten om minerala. Men likevel kan ikkje Ukraina lita på USA i dei komande fredsforhandlingane.
Spør berre Mexico og Canada. Canada har innfridd alle oppnåelege krav frå Trump om å hindra ulovleg smugling av det syntetiske opioidet fentanyl over grensa til USA. Likevel innførte Trump 25 prosent toll mot sin næraste allierte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.