Denne veka gav regjeringa klarsignal om riving av Y-blokka. Dette trass i at både Fortidsminneforeningen og Norske arkitekters landsforbund har varsla søksmål mot staten for å få stogga rivinga.
Det er ikkje uventa at det har gått så langt som det har gjort. Rivingsiveren går inn i ein lang tradisjon her i landet, der arkitektoniske, historiske og kunstnarlege verdiar vert nedprioriterte i byplanlegginga. Det er berre å sjå seg rundt i bygd og by.
Argument for å riva bygningen finst. Han bryt med arkitekturen elles på staden – særleg Deichman bibliotek og Arne Garborgs plass, som var meint å vera eit ope rom. Men det dei som målber dette argumentet ikkje tek høgd for, er at det kjem ein ny bygning som heller ikkje vil passa inn.
Men viktigast er to andre argument som burde ha vore nok til å hindra riving: Y-blokka er ein særeigen norsk bygning med heilt spesielle arkitektoniske kvalitetar og høg kvalitet på materialbruken. Dette er ikkje berre ei Oslo-sak, men ein sak for vern av norsk arkitektur av stor verdi.
Det andre argumentet er kunsten til Pablo Picasso. Dette er kunst i verdsklasse som ikkje berre kan takast ned og flyttast til ein eller annan vestibyle i ein ny bygning. Kunsten til Picasso i Y-blokka er stilfullt plassert og integrert av kunstnaren Carl Nesjar. I Y-blokka utgjer kunsten og arkitekturen ein heilskap. Flyttar ein kunsten bort frå samanhengen, reduserer ein han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.