Etter den russiske fullskalainvasjonen av Ukraina har utgiftene til våpen og militærutstyr auka drastisk i Europa. Vi er vitne til ei enorm opprusting og militarisering som kjem til å halda fram i årevis. Ukraina-krigen er eit historisk tidsskilje i internasjonal politikk som har konsekvensar langt utover den konkrete krigen i Ukraina.
Innstillinga frå forsvarskommisjonen som kom denne veka, er eit døme på det. Kommisjonen slår alarm: «Det er behov for en omfattende satsing på sikkerhet, forsvar og beredskap.» Dei vil dobla forsvarsbudsjettet frå 76 milliardar til 146 milliardar over ein tiårsperiode.
Ting endrar seg fort i internasjonal politikk. Den førre forsvarskommisjonen, som la fram innstillinga si i 1992 og var leidd av Kåre Willoch, hadde ei heilt anna tilnærming: «I 1990-årene vil europeisk sikkerhet i større grad være et spørsmål om politisk organisering […] i mindre grad et spørsmål om bruk av militære virkemidler.»
Willoch og kommisjonen hans meinte at «i steden for faren for militær aggresjon har andre faktorer trådt frem som større utfordringer». I 1990-åra var det dei sosiale, økonomiske og etniske problema i Europa som måtte løysast.
Svaret til kommisjonen i 1992 var ei redusering av Forvarets krigsstyrke frå 326.000 personar til 215.000 i 2008. SVs representant i kommisjonen ville ha ein endå større reduksjon av Forsvaret enn fleirtalet. Historia har synt at det var SV som til slutt fekk gjennomslag. I dag har Forsvaret ein disponibel krigsstyrke på 70.000 personar.
Årets rapport må drøftast grundig i lag med ein debatt om Noregs tryggingspolitiske situasjon. Det trengst meir pengar til Forsvaret. Europa og Noreg må ta eit større ansvar for eigen tryggleik. Eit strakstiltak er å syta for at dei militære kapasitetane vi alt har, verkar og kan nyttast slik dei er meint. Men summane Forsvarskommisjonen ber om, kjem ikkje til å verta realiserte. Ei slik enorm satsing på Forsvaret vil i for stor grad gå ut over andre tiltak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.