Nord-Noregbanen vert for dyr
Tog er ein fantastisk reisemåte. Særleg om togselskapet er raust og gjev passasjerane litt plass mellom stolane i kupeen og tilgang til ein liten kafé på lange strekningar. Bur du langs ei jernbaneline, er du privilegert. Ikkje minst fordi banen kan erstatta dei mange trafikkfarlege vogntoga langs vegane.
Difor er det fullt forståeleg at mange har ivra for Nord-Noregbanen. Debatten har gått tiår etter tiår. For 30 år sidan handsama Stortinget dei fyrste planane. Banen kunne fått mykje av tungtransporten til og frå Nord-Noreg bort frå vegane og knytt landsdelen nærare Sør-Noreg.
Problemet er at bygging og drift av jernbanar er dyrt i Noreg. Det er grunnen til at Bergensbanen har mykje av den same traseen som i 1909 – og faktisk har lengre reisetid no enn for 50 år sidan.
Det er ikkje som å byggja jarnbane i Tyskland. Mellom Hamburg og Berlin, med eit passasjergrunnlag på fem millionar menneske, la dei jernbanespora 290 kilometer over flat mark og har enda med ei reisetid på ein time og tre kvarter.
Utfordringane til Nord-Noregbanen frå Fauske til Tromsø kunne ikkje vore meir ulike. På veg mot Tromsø, der det bur 64.000 menneske, må ein gjennom det mest krevjande landskapet ein kan tenkja seg for ein jernbanetrasé.
Men det vert for dyrt. Skal ein tru rapporten som Jernbanedirektoratet la fram, vil banen kosta 280 milliardar. Det kan ikkje forsvarast. Kva med argumentet om klimaeffekten? I Store norske leksikon står det jo at banen vil føra til reduserte C02-utslepp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.