Nytenking må til
Folk samla seg utanfor fylkeshuset på Hamar 23. oktober. Same dag vart det bestemt at fleire skular skal leggast ned i Innlandet.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Så er det over og ut for dei vidaregåande skulane i Lom, Dombås, Dokka, Skarnes, Flisa og Sønsterud. 700 elevar vert råka, og dei seks lokalsamfunna mistar viktige arbeidsplassar. Dette er eit hardt slag for utkantar i gamle Oppland og Hedmark.
Det er berre eitt år sidan fylkestingsvalet. Visste veljarane i Lom, Dokka og dei andre bygdene kva dei røysta på i 2023? Fortalde Arbeidarpartiet, Høgre og MDG, som stod bak fleirtalet for nedlegginga, at dei kunne koma til å leggja ned seks skular alt året etter?
Høgre var tydelegast. I fylkestingsprogrammet for 2023–2027 vil dei «tilpasse skolestrukturen for en bærekraftig dimensjonering, lokalisering og finansiering basert på nåværende og framskrevne elevtall». Greitt. Her får veljarane eit innsyn i kva Høgre vil gjera.
MDG var meir tvitydige. Dei ville rett nok ha ein «helhetlig gjennomgang av skolestruktur, finansieringsmodell og linjetilbudet i hele fylket». Men samstundes gav dei inntrykk av at skular med «begrenset elevgrunnlag i spredtbygde områder» skulle kunna halda fram ved at dei «tildeles sjeldne linjer».
Og Arbeidarpartiet? Her var det lite i partiprogrammet som ymta om nedleggingar. Med tittelen «Ap bygger Innlandet» lova partiet «en desentralisert skolestruktur», basert på «elevenes ønsker og næringslivets behov». Og dei lova å «strekke seg for å opprettholde utdanningsprogram med få søkere ved distriktsskoler». Eitt år etter legg dei ned seks skular. Slikt gjev ikkje tillit. Her bryt partiet valkontrakten med veljarane.
Skulesituasjonen og problema med befolkningsutviklinga i fylket har vore kjent lenge. Difor burde denne saka, som har så store konsekvensar, vore varsla i god tid slik at veljarane kunne teke stilling til saka i eit val.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.