Leiar

Olbogen opp!

Dåverande statsminister i Canada, Justin Trudeau, under ein pressekonferanse 1. februar.
Publisert

«Elbow up» – olbogen opp – har vorte slagordet som samlar canadiarane mot USAs aggressive tollkrig mot landet. Det er henta frå den legendariske canadiske ishockeyspelaren Gordie Howe. Han nytta olbogen for å forsvara seg mot både pucken og motspelarar. No tek canadiarane utrykket i bruk for å tydeleggjera at dei vil forsvara seg og slå tilbake mot USA.

Held tollkrigen til USA fram, vil det få store følgjer for Canada, med inntektstap og arbeidsløyse. Men inntil vidare stiller folket opp, boikottar amerikanske varer og syner kva kraft ein nasjon kan ha om innbyggjarane står samla for å sikra sjølvstendet og framtida til eige land. Den canadiske reaksjonen er imponerande og er ein studie verd.

Dei lèt seg ikkje hersa med, sjølv om USA har over åtte gonger så mange innbyggjarar. At Trump i tillegg har sagt rett ut at han vil nytta økonomisk makt for å pressa Canada til å verta ein del av USA, har styrkt samhaldet endå meir. Justin Trudeau, som går av som statsminister i dag, 14. mars, svara at det ikkje er «ein sjanse i helvete» for at Canada nokon gong vert ein del av USA.

Kva som vil skje framover, er uklart. Trump kjem med den eine meldinga etter den andre, som anten utset eller framskundar, aukar eller senkar dei ulike tollsatsane. Det er eit stadig rot frå ein mann som i valkampen lova ein «gyllen tidsalder» for amerikanarane. No utelukkar han ikkje økonomisk nedgang i ein overgangsperiode.

Føreseielege rammevilkår er avgjerande for næringslivet. Skal ein få til investeringar, må ein vita kva skattar og avgifter som vil gjelda i lang tid framover. Frykt for bråe økonomiske endringar vil øydeleggja for investeringsviljen. Då kan ein ikkje driva på slik som Trump gjer no.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement