Øydelegg for hjelpa til Gaza
Øydeleggingar etter at ein Unrwa-skule vart råka av luftåtak i mai i år.
Foto: Abdel Kareem Hana / AP / NTB
Mellom tragiske nyhendemeldingar frå Gaza siste veka – som at 93 menneske vart drepne i byen Beit Lahiya då Israel bomba ei fireetasjes blokk, og at Verdas matvareprogram er uroa for hungersnaud på Gaza – kjem meldinga om at Israel vil forby FNs hjelpeorganisasjon for flyktningar, Unrwa.
Leiaren for den israelske utanriks- og forsvarskomiteen hevdar at «Unrwa er ein del av Hamas-styret i Gaza, og Unrwa oppdreg ein ny generasjon terroristar på Gaza og i Judea og Samaria» – og difor må verta forboden. Dette er påstandar dei ikkje har prova.
Vert vedtaket gjennomført, vil det i praksis gjera det umogeleg for FN-organisasjonen å driva hjelpearbeid på Gaza. Vestbreidda vert òg råka, ved at hundrevis av skular vert lagde ned og helsevesenet svekt.
Berre ti representantar røysta imot vedtaket. Dette meiner altså det store fleirtalet av Israels folkevalde er vegen å gå, etter over eitt år med massiv bombing av den vesle landstripa med 2,2 millionar innbyggjarar.
USA, Noreg og ei rekkje andre land har protestert mot vedtaket. Men som før utan resultat. Israel køyrer sitt eige løp og bryr seg lite om kva USA meiner.
Israel avviser blankt kva Noreg måtte meina, og kallar Noreg Israel-fiendtleg. Dei har kalla heim ambassadøren sin og utvist norske diplomatar i dei palestinske områda. At tilhøvet til Israel har vorte slik, er sjølvsagt leitt, men Noreg kan ikkje lastast for det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.