Frå Pentagon, hovudkvarteret til det amerikanske forsvarsdepartementet, har det kome ut hemmelege dokument knytte til den russisk-ukrainske krigen, og blant anna informasjon om amerikansk etterretning andsynes land som Nord-Korea, Kina og Iran.
Lekkasjane syner at hundre vestlege spesialsoldatar skal vera i Ukraina, frå Nato-land som Storbritannia, Frankrike og USA. Eit dokument avslører at det amerikanske militæret har lita tru på Ukrainas evne til ein motoffensiv, og at landet manglar luftvernmissilar og artilleriammunisjon.
Det kjem òg fram at Egypt, som mottek amerikanske bistandsmidlar og er ein av USAs næraste allierte i Midtausten, skal ha hatt planar om å produsera 40.000 rakettar som landet i løynd ville frakta til Russland. Om det stemmer, er det svært overraskande – og problematisk for tilhøvet mellom dei to landa. Driv Egypt eit dobbeltspel?
At det skal vera spesialsoldatar frå Nato-land i Ukraina, er kanskje den mest brennbare avsløringa. Det fortel oss likevel ikkje at USA/Nato har «soldatar på bakken» som er involverte i krigshandlingar. For at det skal vera tilfellet, må dei som er i uniform, ha ein direkte funksjon knytt til sjølve krigshandlingane. Det vil i så fall vera svært overraskande.
Ut frå det militærekspertar fortel, vil spesialsoldatane fyrst og fremst driva med etterretning. Det er avgjerande for USA og Nato å ha best mogeleg innsikt i kva som går føre seg i krigen, for at ein skal kunna halda fram med dei enorme våpenleveransane. At denne etterretninga går føre seg, veit sjølvsagt russarane. Ei anna naturleg oppgåve er å kontrollera at alle våpen som kjem inn i Ukraina, ikkje hamnar på feil hender.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.