Pliktkjensla bergar ikkje jordbruket

Publisert

Landbruksforhandlingane er i gang. Vi skal her liggja unna all diskusjon om marknadsregulering, importvern, inntektseffekten av jordbruksfrådraget, utrekning av årsverk, målprisar, strukturverkemiddel og styringsprisar.

Her vil vi berre slå fast at vi treng eit levedyktig og godt landbruk i dette landet, bygd på sunn drift og god dyrevelferd. Difor må bøndene på eit eller anna vis få gjennomslag for betre inntekter framover. Skjer ikkje det, vil vi få eit ras av nedleggingar dei komande åra. Med dei prisane og rentene vi har no, vil nyinvesteringane gå ned, samstundes som mange vil ha store vanskar med å halda fram drifta.

Det er ikkje berre små gardsbruk som slit. Dei store mjølkebruka, som har ekspandert ved å leiga og overta jorda og mjølkekvotane til nedlagde nabobruk rundt om i bygda, har òg vanskar. Kostnadene med å driva desse gardane, der ein ofte må køyra lange avstandar for å slå og henta grovfôret og køyra møka tilbake andre vegen, er vortne store. Høge diesel- og transportutgifter, auka kraftfôr- og kunstgjødselprisar har forverra økonomien til desse bruka.

Jordbruket er ei spesiell næring. Sjølv om yrket i seg sjølv er interessant, gjevande og fritt på mange måtar, må det vera eit økonomisk grunnlag for drifta. Ein kan ikkje i lengda basera seg på alle mogelege tilleggsjobbar og hjelp frå familiemedlemer.

I dag vert dårleg økonomi og lange arbeidsdagar kompenserte ved at mange bønder kjenner ei plikt og ei forventing frå familien og slekta om å halda fram. Men det går sjølvsagt ei grense ein stad. Legg desse bøndene ned, trass i pliktkjensla, får vi aldri desse gardane i drift att.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement