Reell politisatsing?
Justis- og bedredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i vandrehallen etter at finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) presenterte statsbudsjettet for 2025.
Foto: Javad Parsa / NTB
NRK-nettet hadde ei sterk sak denne veka om svenske gjengkriminelle som utvekslar SMS-meldingar om leigedrap i Noreg. Ei ny stadfesting på at gjengkriminaliteten som har skaka Sverige i mange år, fort kan få mange avleggjarar også i landet vårt.
Difor var det ei gledeleg melding denne veka at regjeringa i statsbudsjettet for 2025 kjem med ei storsatsing på politiet og kampen mot kriminelle gjengar og organisert kriminalitet. Dei set av 2,8 milliardar kroner «til bekjempelsen av kriminalitet neste år».
2,4 av desse milliardane skal gå til «å styrke arbeidet mot kriminelle nettverk, kriminelle gjenger og organisert kriminalitet og grunnfinansieringen av politiet, blant annet for å få flere politifolk i gatene». Så bra! Som det står i pressemeldinga frå Justisdepartementet: «De kriminelle gjengene er som gift i samfunnet vårt.»
Presist. Fridom frå vald er avgjerande for at vi kan leva eit godt liv. Då er det nettopp viktig at politiet skal «få nye verktøy, ta flere og større beslag og få ny teknologi for å avdekke og ta flere bakmenn», ifylgje justisminister Emilie Enger Mehl.
Men overdriv ho satsinga? Skryter ho på seg ei satsing som ikkje er reell? Ja, svarer Politiets Fellesforbund, som meiner bodskapen frå Justisdepartementet er misvisande: «Vi kan ikke se at det er avsatt 2,8 milliarder i øremerkede midler til dette formålet i forslaget som foreligger.»
«Vi mener det skapes en forventning innad i politiet og blant befolkningen som ikke er riktig», seier Ørjan Hjortland, nestleiar i Politiets Fellesforbund. Ifylgje Hjortland vil mesteparten av satsinga på politietaten «spises opp av økte pensjonskostnader, lønns- og prisvekst og investeringer i IKT».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.