«Satsing på praksis i skulen har vorte lova fleire gonger før.»

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) legg fram stortingsmeldinga «En mer praktisk skole».
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) legg fram stortingsmeldinga «En mer praktisk skole».
Publisert

I stortingsmeldinga En mer praktisk skole – Bedre læring motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn kjem regjeringa med oppløftande framlegg: Skulen skal verta meir praktisk, variert og relevant.

Målet er at praktisk læring skal kunna gå føre seg i alle fag. Det er ei fin oppfølging av forbodet mot mobil i skulen og kravet om mindre digital undervising som kom i vinter. Desse tiltaka trengst. Private samtalar med lærarar gjev innsikt i ein skule som verkeleg slit med meir disiplinproblem enn det som kjem fram i offisielle rapportar. Difor treng vi ein skule som kan motivera fleire.

Men satsing på praksis i skulen har vorte lova fleire gonger før, som i stortingsmeldinga om ungdomstrinnet som Stoltenberg II-regjeringa la fram i 2010. Det same gjorde Kunnskapsdepartementet i 2019. Så her ventar vi med jubelen til vi ser konkrete resultat.

Denne stortingsmeldinga kan òg fort enda i mykje prat og lite substans.

Skal satsing ha noko for seg, må det gjerast skikkeleg om det ikkje berre skal enda med symboltiltak. Då held det ikkje med nokre lakmuspapir for å finna pH-verdien i ei eller anna væske i eit vassglas.

Som regjeringa sjølv skriv, må ein oppgradera spesialrom, få til nye uteareal, byggja verkstader, skaffa maskinar, verktøy og nytt utstyr til sløyd- og realfagsromma. Då krevst det ein skulestatsråd som går heilhjarta inn for dette og gjer det til sitt store prosjekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement