Leiar
Stå saman mot Trump
President Donald Trump i Florida 18. februar.
Foto: Kevin Lamarque / NTB
For tre år sidan var det mange som ikkje trudde at Russland
ville invadera Ukraina. Underteikna òg. Så kyniske kunne dei ikkje vera. Vi tok
grundig feil. Komande måndag 24. februar har det alt gått tre år sidan Putin og
Russland invaderte nabolandet Ukraina.
For Putin galdt det å utvida Russlands maktområde og å atterreisa Russland som stormakt. Då måtte Ukraina «denazifiserast» og koma
under russisk kontroll. Men invasjonen vart mislukka. Ukrainarane klarte mot
alle odds å slå styrkane tilbake frå Kyiv.
Men russarane tok kontroll over nye område i aust og har sidan dagstøtt
herja på og bomba mål i Ukraina. Overgrepa har vore store. Massakren i Butsja, vilkårleg bombing av sivile mål, tvangsdeportering av born i okkuperte område og øydelegging
av kraftverk og vassforsyning som har råka sivilbefolkninga hardt. Svært mange soldatar
er skadde og drepne – på begge sider. Putin har òg påført sitt eige folk store
tap og lidingar.
Vi kunne gjort langt meir for å hjelpa Ukraina militært og humanitært.
Men Nato, Europa og USA har likevel støtta opp om Ukraina. I ein krig som Russland
kunne ha avslutta på dagen.
Brått er Donald Trump tilbake og snur opp ned på alt.
Ukraina og Europa skal ikkje få delta i fredsforhandlingane. Alt før
forhandlingane startar, seier Trump at Ukraina er uaktuell som Nato-medlem. Samstundes
prøver USA å skaffa seg kontroll over viktige mineral i Ukraina, og Trump ymtar
om at Ukraina sjølve er skuldig i krigen. Det eine avløyser det andre. Det er noko
nytt kvar dag.
Nok er nok. Dei europeiske landa kan ikkje lenger stå
skulerett for Trumps mange utspel. Heldigvis har vi denne veka sett ein snunad. Etter at Trump
onsdag kalla Zelenskyj for ein diktator, kom det endeleg tydelege tilbakemeldingar. Statsminister
Jonas Gahr Støre tok klart avstand frå utsegnene, og Erna Solberg kalla dei for
russisk propaganda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.