Leiar
Sterk kritikk frå Riksrevisjonen
Riksrevisjonen kom sist veke med særs sterk kritikk av helsetilbodet til personar som slit med både psykisk liding og rusmisbruk. Rundt 5200 personar har desse alvorlege problema i Noreg i dag – til stor liding for den einskilde og for familiane rundt dei.
Riksrevisjonen er tydeleg på at Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet ikkje har gjort nok for å syta for at denne gruppa får den behandlinga og oppfølginga dei treng.
Ein viktig grunn til situasjonen i dag er at talet på døgnplassar vart redusert med 35 prosent frå 2010 til 2023. Riksrevisjonen syner til at Stortinget i 2021 bad regjeringa om å straks stansa nedbygginga av døgnplassane i psykisk helsevern. Likevel gjekk talet på plassar i høve til folketalet ned også dei to neste åra.
Resultatet er at planlagde frivillige innleggingar ofte vert utsette, og at innleggingane vert for korte slik at pasientane kan vera like sjuke ved utskriving som då dei kom inn.
Statsråd i Arbeids- og inkluderingsdepartementet Tonje Brenna skriv i svarbrevet til Riksrevisjonen at ho ser alvorleg på situasjonen, og at ho raskt skal gå i «dialog med berørte ministre» for å sjå nærare på tilrådingane frå Riksrevisjonen. Men kvifor måtte departementet ha hjelp av Riksrevisjonen for å finna ut at situasjonen er prekær?
Statsråd i Helse- og omsorgsdepartementet Jan Christian Vestre sluttar seg til «det utfordringsbilde som framkommer». Flott. No bør dei to statsrådane raskt få unna dialogen og koma opp med konkrete tiltak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.