Stølskultur kan verta verdsarv

Publisert

Norsk stølskultur, saman med den svenske, er denne veka innstilt til Unescos liste over immateriell kulturarv. Eller enklare sagt: Stølskulturen kan verta ein del av verdas offisielle levande kulturarv.

No er det berre ei innstilling, men alt tyder på at det vert ein realitet på møtet i Paraguay tidleg i desember. I alle høve er dette ein siger i seg sjølv. For den norske stølskulturen treng denne heideren.

På 1950-talet var det over 20.000 aktive stølar i Noreg. I dag er det berre 750 att. Men no har staten dei siste åra gått inn med tilskot til bønder som vil driva støl. Det gjev von om at talet kan auka framover.

Kvifor er dette viktig? Fordi stølsdrifta tek i bruk gode utmarksbeiter og bidreg til å halda i hevd kunnskap om beiting og utnytting av utmarka vår. Stølsdrift hindrar attgroing av dei gamle stølsvollane og medverkar til at gamle stølshus vert tekne vare på. Vi kan ikkje overlata fjellheimen vår til endelause hyttefelt.

Og ikkje minst gjev stølsdrifta grunnlag for produksjon av kortreist mat. På stølane vert det laga ost, smør, jogurt og rømme av høg kvalitet. Norsk tradisjonsmat kan måla seg med kva som helst.

Men la deg ikkje styra av romantikk. Det er grunnar til at så mange stølsbruk er lagde ned. Støling er mykje arbeid, lange dagar og lite pengar, og det kan vera kaldt og hustrig utover seinsommaren. Men det skapar overskot på andre måtar. For eit syn det er å koma til ein veldriven støl med kyr eller geiter som beitar i eit vakkert kulturlandskap!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement