Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.
Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.
Publisert

600 milliardar meir til Forsvaret dei neste tolv åra. Blant anna to nye brigadar til Hæren, fem nye ubåtar, fem nye fregattar, tolv nye kystvaktskip, Nasams-luftvern, meir ammunisjon – og ikkje minst fleire offiserar og soldatar.

For mange av oss som har vona på at verda skal rusta ned, ikkje opp, ligg det langt inne å jubla for planane til regjeringa. Men det er fornuftig og viktig å styrka Forsvaret. Russlands aggressive krigføring i Ukraina og stadige utfall mot Vesten, og dei meir og meir alvorlege signala frå USA, gjer opprustinga naudsynt.

Men det er ei formidabel oppgåve Forsvaret har framfor seg. Det er lett å fylla opp lagera med ammunisjon og våpen. Noko heilt anna er om Forsvaret har kunnskap og kapasitet nok til kjøpa inn dyre og avanserte fregattar og ubåtar. Det er nok av døme på kor gale det kan gå. Som fregattane som skulle kosta 12 milliardar, men enda på 19 milliardar – og enno ikkje har fylt den rolla dei var tiltenkte.

Vanskelegast vert det å fylla dei 4600 nye stillingane som regjeringa legg opp til. Særleg når Forsvaret i fleire år har opplevd at folk har slutta. Vilkåra for tilsette i Forsvaret har vore for dårlege, ikkje minst butilhøva. Og mange i Forsvaret er attraktiv arbeidskraft og får seg lett jobb andre stader. Resultatet er at mange stillingar i dag er fylte opp av personar som ikkje har den utdanninga eller røynsla som stillinga krev.

Statsminister Støre meiner den nye forsvarsplanen er «gjennomførbar og realistisk». Det er mildt sagt ei underrapportering. Han burde heller vore tydeleg på at planen er ambisiøs og særs krevjande. Berre med ei realistisk tilnærming til den store utfordringa Forsvaret no står overfor, kan dei ha sjanse til å lukkast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement