Treng vi fleire universitet?
Høgskolen i Innlandet innfrir krava til å bli universitet.
Foto: Karen Ingrid Fryjordet/Høgskolen i Innlandet
Så går det mot endå eit nytt universitet i Noreg. Høgskulen i Innlandet har fått klarsignal frå ein sakkunnig komité utnemnd av Nokut om at dei innfrir krava, etter at dei fekk nei i 2018.
Ifylgje universitetsavisa Khrono trekkjer komiteen særleg fram at dei har «fått på plass et betydelig større forskningsadministrativt apparat som er både nasjonalt og internasjonalt orientert. Den faglige ledelsen av fakultetene og instituttene fremstår også som styrket».
Vi gratulerer sjølvsagt Høgskulen i Innlandet med resultatet og tvilar ikkje på at høgskulen har lagt ned ein stor innsats og gjort eit solid arbeid. Men vi skjønar ikkje kvifor landet treng fleire universitet. Vi har alt ti frå før. Det må vera mange nok i eit lite land.
For det er tidkrevjande og kostnadskrevjande å oppretthalda statusen som universitet. Stadig fleire fagleg tilsette må kvalifisera seg, søkja om pengar frå Forskingsrådet, frå EU-systemet og det private næringslivet. Kravet om ekstern finansiering vil berre verta større og større i åra som kjem.
Alt dette krev eit godt og kreativt samarbeid på tvers av institutt, fakultet og andre universitet. Slike gode samarbeid er krevjande å få til, og krev stor merksemd og ressursar. Dette er noko Kunnskapsdepartementet ikkje har teke nok tak i. I dag har vi ikkje gode ordningar som premierer samarbeid.
Den viktigaste oppgåva dei gamle høgskulane er sette til å gjera, er å syta for god og kveikjande praktisk orientert undervisning for studentane på profesjonsutdanningane våre. Til det treng ein ikkje vera eit universitet. Heller tvert imot. Det er sjølvsagt viktig at ein i høgskulemiljøa har gode forskarar med høg fagleg kompetanse, men det klarer ein å rekruttera også som vanleg høgskule.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.