Frå før har vi Shabana Rehman, Deeyah Khan, Amal Aden, Kadra Yusuf og mange fleire. Jenter og kvinner med innvandrarbakgrunn som på ulike måtar har stått opp mot religiøs intoleranse, æreskultur, skamkultur og undertrykking av kvinner i innvandrarmiljø.
No kan vi leggja til Abida Radja. Boka hennar Frihetens øyeblikk er ei sterk bok om eit liv med omsorgssvikt og vald. Fødd i Noreg, av pakistanske arbeidsinnvandrarar, gjennomgår ho den eine ulykka etter den andre.
Ho vert send til slekta i Pakistan som seksåring for å gå på skule. Ho må pugga koranen éin time kvar morgon. Kjem heim att til Oslo som trettenåring. Vert motvillig gift inn i eit arrangert ekteskap og endar sjølv opp med å slå eigne born. Som så ofte før vert den mishandla òg ein mishandlar. Etter mykje strev klarer ho å koma ut av det heile.
Bakteppet er gamal æreskultur der familien kjem i vanry om nokon gjer noko som bryt med eigen kultur – og der mykje handlar om kva døtrene og kvinnene kan gjera og ikkje.
Forfattaren av boka, Håkon F. Høydahl, vil ikkje at boka skal lesast som eit åtak på religion generelt eller islam spesielt. Men det er vanskeleg å lesa boka utan å sjå at ho òg handlar om ei streng religionsutøving av islam, der sabr – å halda ut – er ei etisk dygd som vert tolka strengt. Som at du òg skal halda ut eit valdeleg ekteskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.