«Trump kan ikkje avskrivast. Valet er heilt ope.»

Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Publisert

Er det von om at Donald Trump ikkje vinn valet i november? Debatten tysdag styrkte i alle fall ikkje sjansane hans. Vi var mange som var urolege for korleis Kamala Harris ville klara seg. Ho har knapt late seg intervjua eller stilt opp i debattar etter at ho vart presidentkandidat.

Men ho stod fram skarpare og meir truverdig enn Trump – som kjem til å verta hugsa for påstanden om at immigrantar frå Haiti et hundar og kattar i byen Springfield i Ohio. Utfordringa til Springfield er ikkje kjæledyra, men at mange immigrantar har kome til den vesle byen på kort tid.

Trump kan likevel ikkje avskrivast. Valet er heilt ope. Mange trudde at Trump var ferdig då han i 2020 nekta for at valresultatet var korrekt. Vi var òg mange som trudde han var ferdig etter storminga av Kongressen i januar 2021, då han unnlét å gripa inn og fordøma det som skjedde. Eit svik som burde ekskludert han frå politikken. Men vi tok feil igjen.

Og mange trudde han var ferdig etter mellomvalet i 2022, då fleire av kandidatane som stilte seg bak Trump og fornekta valresultatet i 2020, tapte. Men han kom tilbake. Mykje takka vera president Biden, som ikkje skjøna at han burde sagt tydeleg frå om at han berre ville sitja ein periode og ikkje stilla til attval.

Trass den ufine framferda til Trump, alle løgnene og rettssakene, er det altså noko som gjer at halvparten, pluss minus, av amerikanarane kjem til å røysta på han. Kanskje over 60 prosent i nokre delstatar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement