Leiar
Trump og teknologi-oligarkane
Elon Musk med tommel opp under innsetjingsseremonien.
Foto: Saul Loeb / NTB
På prominent plass, rett bak Donald Trump, stod dei og klappa under innsetjingsseremonien: Elon Musk, Jeff Bezos, Tim Cook, Mark Zuckerberg og Shou Zi Chew, grunnleggjarar eller direktørar for selskapa X, Amazon, Meta, Apple og TikTok.
Dei fem personane representerer selskap med ein marknadsverdi på fleire trillionar dollar. Selskapa deira påverkar oss alle gjennom teknologien dei rår over: sosiale medium, strøymeplattformer og mobiltelefonar.
Teknologiselskapa legg premissa for utviklinga av kunstig intelligens og mange av dei digitale verktøya vi skal omgje oss med i framtida. Dei har sterk innverknad på samfunnsutviklinga og det politiske ordskiftet i USA og verda elles. Kort sagt, selskapa har ei enorm global politisk og økonomisk makt.
Biletet av denne gjengen som står og hyllar Trump, er difor høgst urovekkjande. For dei har ingenting der å gjera. Det tette samrøret er ei oppskrift på korleis korrupsjon og misbruk av makt kan oppstå.
Det vert forsterka ved at den nye presidenten ikkje akkurat er oppteken av demokratiske verdiar, og det er knapt personane rundt han heller. Pam Bondi, som er nominert til ny justisminister, ville ikkje eingong under godkjenningshøyringa i Kongressen stadfesta at Biden vann valet i 2020.
I eit intervju i dagens avis, henta frå Süddeutsche Zeitung, kjem den amerikanske historikaren Timothy Snyder med alvorlege åtvaringar mot «teknologilibertarianarane», som han kallar Musk og hans likesinna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.