Leiar I Svein Gjerdåker

Trumps riviera

President Donald Trump og Israels statminister Benjamin Netanyahu under ein pressekonferanse denne veka.
Publisert Sist oppdatert

Trump denne veka: «USA vil ta over Gaza. Vi vil gjera ein jobb der. Vi vil eiga det.» Han ynskjer å få til noko som «heile Midtausten kan vera stolt av. Det vil bli jobbar for alle».

Kvar vil så Trump flytta dei som bur der no? «Det kan vera i Egypt eller Jordan. Det kan vera mange stader, stader der det er vakkert, trygt og triveleg. Der dei kan leva i fred og harmoni.» «Alle eg har snakka med, elskar tanken om at USA skal eiga Gaza. Eg har snakka med leiarar i Midtausten som elskar ideen. Folk på høgste nivå.»

Kven ser han så for seg skal bu i det USA-eigde Gaza? «The world’s people». Verdas folk. Kva om dei som bur på Gaza, ikkje vil reisa? «Eg kan ikkje skjøna at dei vil bli verande. Det er eit øydelagt område.» «Dei er der fordi dei ikkje har noko alternativ. I dag er Gaza ein grushaug. Kven kan bu slik? Det er skyting og bombing overalt.» «Eg trur dei vil vera glade for å forlata Gaza – om dei fekk eit alternativ. I dag er Gaza eit helveteshol.»

Det skal han ha. Han skildrar situasjonen på Gaza presist, etter at Israel har bomba det månad etter månad og Hamas har nytta folket som menneskelege skjold. Og det er heilt sikkert mange som kunne tenkt seg å flytta ein annan stad. Ikkje minst til USA. Men det vil nok ikkje Trump.

Trump set no våpenkvila i fare. Men fyrst og fremst er dette eit usmakeleg, imperialistisk utspel. Og det er urealistisk. Jordan og Egypt vil ikkje ta imot over 2 millionar flyktningar frå Gaza.

Og det er ugjennomtenkt, nærast som eit påhitt som dukka opp i hovudet på Trump då han vakna den dagen han skulle møta Israels statsminister Benjamin Netanyahu. Skal vi ta han bokstaveleg denne gongen? Som Torbjørn L. Knutsen skriv i dagens avis: «Det er eit kolossalt eksperiment vi no er vitne til i USA.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement