Nato-landet Tyrkia skremmer med å nekta Sverige medlemskap i militæralliansen. Ordninga med at alle vedtak i Nato skal vera gjorde med felles samtykke, krev sjølvsagt at alle medlemene er rasjonelle og til å stola på.
Det er ikkje Tyrkia. Ei idiotisk brenning av Koranen utanfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm, av ein svensk-dansk ekstremist, gjer no at Tyrkia på nytt seier nei til at Sverige kan verta medlem.
Eit av føremåla med Nato er å «fremja demokratiske verdiar». (Det må vi halda fast ved, sjølv om bombinga av Libya var eit alvorleg mistak.) Ein av dei viktigaste føresetnadene for demokratiet er ytringsfridom – som sjølvsagt også må gjelda ytringar vi ikkje likar.
Men inntil vidare kan altså Sverige, eit demokratisk velfungerande land i Vest-Europa, verta nekta medlemskap i ein organisasjon som har som føremål å verna om demokratiet, av eit autoritært regime i den same organisasjonen.
Ein kan jo lura på kvifor Tyrkia er med i Nato? Amnestys rapportar frå landet er trist lesnad. Det tyrkiske regimet er ansvarleg for alvorlege brot på menneskerettane. Tusenvis sit fengsla på grunn av urettvise skuldingar om «terrorverksemd», og det er stadige nye rettssaker mot menneskerettsaktivistar. Samstundes fører Tyrkia krig mot kurdarane nord og aust i Syria, utan at Nato tydeleg og kraftfullt har protestert.
Men Tyrkia er strategisk plassert, og Vest-Europa treng ein buffer mot ukontrollert innvandring, difor har tyrkarane taket på Nato. Den situasjonen veit president Erdogan å utnytta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.