Ukritisk iPad-reklame
Elever med iPad og mobil i klasserommet.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Det er så ein må gni seg i auga. På nettsidene til Apple kan ein no sjå skuleelevar, lærarar og skuleleiarar i Oslo ta del i ein reklamefilm for iPad. Ein etter ein hyllar lærarane iPaden som læringsverktøy. iPaden er lett å bruke, gjer undervisninga visuell og kreativ, og gjer det lettare å tilpasse nivået til den enkelte eleven, får vi høyre. Ei verkeleg solskinshistorie får vi frå Trosterud skule. Her viste statistikken at elevane hadde utfordringar både med lesing og skriving. Men så, simsalabim, kom iPaden.
Bodskapen i reklamefilmen kolliderer med den kvardagen ein del foreldre og lærarar opplever landet rundt. Ni av ti barneskuleelevar har sitt eige nettbrett på skulen. Vi får høyre om iPadar som er tomme for batteri, om mangelfull konsentrasjon og om tilgang til valdeleg og pornografisk innhald. Heime kan det vere vanskeleg å halde ungane unna skulenettbrettet.
At den offentlege skulen deltek i reklame for Apple, har vekt oppsikt. Foreldre ved Trosterud skule ytra uro for Apple-reklamen i eit debattinnlegg i Aftenposten alt i 2023, då filmen skulle spelast inn. Svaret dei fekk frå divisjonsdirektør Trond Ingebretsen i Utdanningsetaten, står fram som pinleg naivt. Han skildrar interessa frå Apple som ei anerkjenning.
Skulebyråd i Oslo Julie Remen Midtgarden (H) seier til Klassekampen at ho ikkje ønskjer at skulen skal reklamere for enkeltaktørar. Det burde vere ei sjølvfølgje for alle norske skular. Midtgarden har elles markert seg ved å oppmode til meir papir og blyant i klasserommet, som eit ekko av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.