Ungdomsvald

Det har vore nok av åtvaringar om at valdskriminaliteten blant born og unge har auka.

Politiet ved Bogerud T-bane i Oslo etter ei knivstikking i 2020.
Politiet ved Bogerud T-bane i Oslo etter ei knivstikking i 2020.
Publisert

Regjeringa har oppretta ei «hurtigarbeidende ekspertgruppe som skal utrede tiltak som kan settes i verk overfor gruppen unge som begår gjentatt og alvorlig kriminalitet». Bra! Og på tide. For situasjonen vi no er i, har ikkje kome over natta. Det har vore nok av åtvaringar om at valdskriminaliteten blant born og unge har auka.

Born av innvandrarar er overrepresenterte blant dei som står bak valdskriminaliteten. Det er ikkje uventa sidan vi dei siste tiåra har hatt ei særs stor innvandring, samstundes som vi har teke for lett på dei utfordringane det skaper når mange kjem frå heilt andre kulturar enn vår eigen. Vi har enda opp med for mykje segregering. Særleg i Oslo, der mange skular i dag nærast er reine innvandrarskular.

Men her og no handlar det om strakstiltak for å hindra fleire offer for vilkårleg vald. Ifylgje politidirektør Marie Benedicte Bjørnland er det i Noreg i dag vel 200 born og ungdomar under 18 år som står bak mykje alvorleg valdskriminalitet. Det er mange nok, men må vera overkomeleg å få gjort noko med.

Fleire av dei er under 15 år. Vi må for all del unngå å senka den kriminelle lågalderen og plassera born under 15 år i fengsel, med liten sjanse for å skjerma dei mot vaksne kriminelle. Samstundes kan dei ikkje gå tilbake til gata dagen etter at dei er tekne for eit ran – som om ingenting har skjedd. Det er ein hån mot offera og mot tryggleiken til ålmenta.

Kva strakstiltak kan ein så nytta? Ideen til regjeringa om «nasjonale trygghetshus» er lovande. Eit bu- og rehabiliteringstilbod styrt av barnevernet der borna kan få ei «helhetlig oppfølging av helse, barnevern, politi og andre rundt barnet».

Men då må ein kunna kontrollera og forby mobilbruk og hindra dei i å forlata huset og området dei er i. Hugs at politidirektøren talar om born som utfører «svært alvorleg kriminalitet». Då må barnevernet kunna nytta strenge sanksjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement