Leiar

Væpning av politiet?

Væpna politi i Fredrikstad Fredrikstad i 2024.
Publisert

Eit politi i gatene utan væpning har vore eit viktig kjenneteikn ved det norske samfunnet. Står det no for fall? Landsmøtet til Høgre sa ja til væpning sist helg. Senterpartiet kan gjera det same no i helga. Når saka skal opp i Stortinget i mai, kan det fort verta fleirtal for.

I leiaren i Dag og Tid 22. oktober 2021 skreiv underteikna under tittelen «Nei til væpna politi» at det er ein kvalitet ved Noreg at politiet berre ber våpen i særskilde tilfelle: «Det gjev politiet eit sivilt preg, noko som kan bidra til at færre kriminelle skaffar seg våpen. Dessutan minskar det faren for at politiet skadar eller drep folk ved eit uhell.»

Står denne argumentasjonen seg enno? Det held hardt. Alt i 2021 var trugselbiletet alvorleg, men som ei rekkje instansar har peikt på, har situasjonen endra seg til det verre. Det må vi ta på alvor. Stadig fleire kriminelle miljø er i dag væpna, sjølv om politiet ikkje har allmenn væpning.

Fører generell væpning til at fleire vert skotne og drepne av politiet? Ikkje nødvendigvis. I Sverige og Danmark har det vore fast væpning sidan 1965. Fire personar vart skotne og drepne av politiet i Danmark mellom 2017 og 2022. I Sverige femten. I Noreg fem.

Eit av hovudargumenta mot væpning har vore at det kan svekkja folks tillit til politiet. No har politiet alt i dag hatt lange periodar med væpning. Til saman tre månader i 2024 og til saman i tre år sidan 2014. Blant anna kvar 17. mai dei siste åra. Folk er såleis no meir vande med at politiet har pistol i beltet, i tillegg til batong, handjern, peparspray og elektrosjokkvåpen.

Vi veit likevel for lite om dette. I ein artikkel frå januar i år skriv Pål Langestad, leiar for utvalet som i 2022 kom med rapporten «Politiets bruk av maktmidler», at det ligg føre lite ny forsking som drøftar væpningsspørsmålet, noko han kallar urovekkjande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement