Våpenkvile på overtid

Palestinarar går forbi øydelagde bygningar på Gaza 16. januar.
Palestinarar går forbi øydelagde bygningar på Gaza 16. januar.
Publisert

Så kom det endeleg ei våpenkvile mellom Israel og Hamas. Rett nok gjeldande først frå 19. januar, så bombene stoggar ikkje før den tid. Og det er ei skjør våpenkvile som fort kan bryta saman.

For avtalen er delt opp i fleire fasar, og nye forhandlingar er undervegs. Og fører ikkje forhandlingane fram, vil Israel ta opp att bombinga av Gaza. Fyrst etter fase tre, om fleire månader, kan ein ha von om at våpenkvila vert varig. Avgjerande for resultatet er at det faktisk skjer ei utveksling av fangar mellom Israel og Hamas, og at alle gislane vert sette fri.

Våpenkvila burde sjølvsagt ha kome for lenge sidan. Det ville ha spart folket i Gaza for ufattelege lidingar. Både Israel og Hamas må ta sin del av ansvaret for at dette ikkje har skjedd.

Israel har hevda at dei som støttar ei våpenkvile og ein fredsavtale, i røynda støttar at terrorregimet til Hamas skal halda fram på Gazastripa. Det har vore ein heilt urimeleg påstand.

Ein terrororganisasjon som Hamas er umogeleg å støtta og må kontant fordømast. Hamas har svikta sitt eige folk ved å halda på dei israelske gislane og samstundes gjera sitt eige folk til gislar i ein krig som på ingen måte kunne tena innbyggjarane i Gaza.

Men det forsvarar likevel ikkje den brutale og massive krigføringa Israel har drive mot den vesle landstripa med tett busetjing ved havet. Krigen har vore katastrofal for dei to millionar menneska i Gaza og må stoggast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement