Vi treng ikkje fleire universitet

Høgskulen på Vestlandet ønskjer å bli universitet. Bilete er av campusen på Stord.
Høgskulen på Vestlandet ønskjer å bli universitet. Bilete er av campusen på Stord.Høgskulen på Vestlandet ønskjer å bli universitet. Bilete er av campusen på Stord.
Publisert

Regjeringa vil at det skal verta lettare å bli universitet, og vil mellom anna redusera kravet for akkreditering frå fire til eitt doktorgradsprogram ved kvart universitet.

I 2002 hadde vi fire universitet i Noreg. I dag har vi ti. Ein skulle tru det var mange nok. Men det kan no fort verta endå fleire når dei høgskulane som er att, skal streva etter å få universitetsstatus. Det vert eit stort og unødvendig arbeid.

Argumentasjonen til minister for forsking og høgare utdanning Sandra Borch er pakka inn i fine, men nokså inkjeseiande formuleringar om at vi må «ruste Norge til å møte dagens og morgendages utfordringer», og at krava «vi stiller, ikke skal føre til unødvendig byråkrati eller flytte ressursene bort fra kjerneoppgavene til universiteter og høyskoler».

Spørsmålet er om ein ikkje betre møter «morgendagens utfordringer» med solide høgskular enn med fleire halvgode universitet. Ein vert ikkje universitet sjølv om ein kallar seg det. Og for å sikra god ressursbruk ved høgskulane bør vi heller gje dei økonomisk motivering for styrkja integrasjonen av teori og praksis i profesjonsutdanningane.

Framlegget til regjeringa kan gå i motsett retning og føra ytterlegare teoretisering av utdanningane. Såleis er det merkeleg at framlegget kjem frå ein senterpartistatsråd. Om dei då ikkje ser på det heile som ein del av distriktspolitikken, noko som ikkje er eit gyldig tema i denne saka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement