Von for Syria?

Nyttårsfeiring i Damaskus.
Nyttårsfeiring i Damaskus.
Publisert

Mellom alt det tragiske som har skjedd i Ukraina, Gaza, Sudan og Haiti i 2024, gav utviklinga i Syria ei viss von for landet. No sit Bashar al-Assad i Moskva. Han og Putin fortener kvarandre. Måtte begge stå til rette for ugjerningane sine.

Men sjølv om al-Assad-regimet er styrta, står Syria overfor enorme utfordringar: Mykje hat etter tiår med undertrykking og ein grotesk krig, konfliktar mellom etniske grupper, den framtidige posisjonen til alawittane som har sete med makta i 50 år, stormaktsinteresser, Israel som vil ha eit svakt Syria, Tyrkia som vil hindra kurdisk sjølvstyre, og Iran som vil freista å vinna att posisjonen som ein av hovudaktør i området. I tillegg er ikkje tryggingssituasjonen i landet avklara. IS er framleis aktiv og utgjer ein fare.

Og så har vi sjølvsagt spørsmålet om opprørsgruppa som har teke styringa i Damaskus, Hayat Tahir al Sham (HTS), med bakgrunn frå jihadistiske grupper som Nusra-fronten og Al-Qaida, vil innføra eit nytt islamiststyre i Midtausten.

Så langt står HTS fram som moderate. Kan vi stola på at det vil vara ved? Nei. Det er all grunn til å vera skeptisk. Situasjonen i landet er ustabil, og faren for at det skal gå gale, er stor. Ser ein på bilete av HTS-soldatar som marsjerte i gatene i Damaskus no i jula, får ein ei utriveleg kjensle av at det kan gå i streng islamistisk retning. Og kva som går føre seg av utanomrettslege hemnaksjonar rundt om i landet, er uklart.

Men det er likevel teikn som gjev grunn til ein viss optimisme. Det er òg bilete av kvinner utan hijab, og det har ikkje vore massearrestasjonar og masseavrettingar. HTS-leiinga hevdar at dei vil respektera minoritetane i landet og talar ikkje som islamistar.

Skulle det gå toleleg bra, ha likevel ingen illusjonar om at Syria vil verta eit demokrati med det fyrste. Men vi kan i det minste vona på eit stabilt autoritært regime – med ulike politiske parti som har ein viss innverknad og folkeleg oppslutnad, med eit minimum av respekt for menneskerettar og ytringsfridom, der sharialovene vert praktiserte «liberalt».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement