Litteratur

10. mars 1956

Publisert Sist oppdatert

Misnøgd med seg sjølv! Ein er stygg, lat, hasjuk, ovundsjuk, slarvevoren, dum, veit lite, har hug å skryta, vil vera kar, trur ein er noko, heimealen og tosken som slike gjerne vert! Du er nøydd å koma i kontakt med framande folk som røynleg er noko, skal du sjå kor tosken og fåvitug du sjølv er.

For gjeng du og trør saman med berre kvardagsmenneske som lite og inkje har set og lært, vert ein gjerne innbilsk og trur seg betre enn andre. Nei, lat mauren møta elefanten sume gongar – det er sunt, eller kråka ørni.

Dagbok. Lichtenberg var fælt uppteken med dagbøkene sine. Noko laut han setja på papiret, syntest han, utan var den dagen spilt. «Eg gjekk ned på bryggjene i Hamburg for å få noko å skriva um,» segjer han ein stad. Pepys var òg ein flittig dagbokskrivar; det er merkeleg kor menneskeleg han er, vel fordi han er so open og ærleg.

Um å lesa alt. Du tarv ikkje lesa alt av ein diktar for å få ei meining um han, eit dikt, eit lite stykke, ei forteljing, ei bok er nok. Ein tarv ikkje sjå heile treet for å vita kva det er for noko, ei flik av ei blokke er nok.

Svensk lyrikk. Sist laurdag var eg på eksamensfest på Hjeltnes. Lektor Nils Hellesnes heldt festtalen; han fortalde um Sillanpää, den finske diktaren. For meg er det berre eit namn; eg har aldri lese noko av denne mannen.

Hellesnes er ein kjend kritikar; sikkert ein lærd og solid kjennar av moderne litteratur. Han er svært liketil og greid; verkar godsleg og trygg. Eg manna meg so pass upp at eg helsa på han. Han bad meg koma heim til seg; og det er eg svært takksam for. Han fortalde meg um Sjur Bygd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement