Litteratur
11. februar 1962
Teikning: May Linn Clement
Kierkegaard um poesi: «Poesien er den fuldkomneste af alle kunster og derfor ogsaa den, der mest veed at gjøre tidens Betydning gjeldende.»
Det kan vera verdt å leggja til at Kierkegaard ikkje gav seg av med å prova at Gud er til, heller ikkje at Kristus var guddomeleg. Han prøvde heller ikkje prova at «eget» er til. Dette set han i klasse med mange mystikarar.
Dristige tankar! Som nett viser kva plan han var på. Han tilbad det usynlege. Med umsyn til determinismen so segjer K. at mannen er både bunden og fri. Dette er vel sanningi. Med umsyn til spursmålet tru, er vel K. mykje av same meining som Pascal. Ein skal tru på trass av all fornuft. Pascal tala um vågnad. Det kan høyrast praktiskt ut. (Wager)
Kierkegaard skreiv mykje, og han segjer sjølv at han rakk ikkje skriva ned alt som strøymde på. Nei, skulde ein skriva ned likt og ulikt som han gjorde, trong ein ti pennar, som han seier. Då må eg segja at Emerson er fyndigare, og meir slåande, endå han vel ikkje pløgjer so djupt. For K. er ein retteleg bulldozer, han grev i djupni og rotar upp stein og grove trerøter.
Til den verksemdi var stilen hans ideell; skulde han få ryskja upp slike idékompleks som han gjekk laus på, trongst ein slik smidig, altumfatande, djuptgripande ordleggjingsmåte. Alt måtte med. Han må ha hatt ein veldig intellektuell energi.
I dag, eller kanskje serleg i dei siste tjuge åri, har K. vore modefilosofen for dei intellektuelle, på same måten som Nietzsche var det etter hundreårsskiftet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.