Litteratur

19. januar 1965

Publisert Sist oppdatert

Ein fin soldag. Mykje snø. Elles lite og inkje gjort. Ein skral dag soleis. Prøvt å lesa um Kant. Tungt. Prøvt å lesa «Little Gidding» av Eliot. Filosofi, innvikla prat. Set litt i Ordene av Sartre. Tull um sin barndom – ser ut til å ha vore som åri til lesehuga ungdomar flest.

Dei gongene du spontant har lydt ditt hjarta, angrar du ikkje på; dei skin enno med ein eigen glans i sinnet.

«Hjärtats dumhet» er eit uttrykk hjå Ekelund. Det segjer so mykje. Venteleg er det det som gjer at folk so ofte vert sjuke der. Det å bannlysa all sentimentalitet frå liv som kunst, er noko som i lengdi hemner seg. Det skal ikkje gråtast, heiter det. Ver hard. Men mange har gråte seg friske.

Oscar Loerke: Das alte Wagnis des Gedichtes. Dette er eit essay yver diktet, skrive i 1935. Han kjem vel her med hovudtankane for modernismen.

Leiting: Dei skuldar moderne litteratur og kunst for at dei grev i skit og søyle, i last, hor, mord, krig, død og undergang. Ja vel. Men likevel er denne kunsten på leit etter ljoset, det sant menneskjelege. Det finn ein gjerne helst i ulukka.

Dei gamle leita òg etter Gud i mennesket, men på finare stader. Nei, ein skal vera varsam med å fordøma dei nye retningane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement