Litteratur

21. juli 1969

Olav H. Hauge-dagbøkene: Høyra på vakker musikk, sjå unge og glade og vakre menneske som elskar og vert elska, – sjå det er lærerikt.

Publisert

«For første Gang, for første Gang,

det giver mang en Smaating Rang.»

Desse ordi til Wergeland kjem eg i hug no i desse dagar. Tidi gjeng fort. Brigdi og framstigi kjem på ein annan slag i slag, slik at me som er eldre, kan ikkje fylgja med.

Ungdomen i dag er onnorleis enn for ein generasjon sidan. Dei forstår ikkje oss som er eldre, og me kan ikkje forstå dei. Og likevel! Dei fyrste stigi, dei fyrste elementære uppfinningane, dei fyrst definerte lovene, nett dei, er framleis dei mest forvitnelege og spanande. Og lettast å forstå.

Åri dreg på. For meg. Det er ikkje tid å spreida sine interessor, men dra dei saman. Skil seg. Både nei og ja. Du bed etter fridom til å sturta deg ut i laussloppe liv, til å fylgja di lyst. Godt og vel. Um ikkje lenge bed du um vilje og mod til å koma fri att.

Høyra på vakker musikk, sjå unge og glade og vakre menneske som elskar og vert elska, – sjå det er lærerikt. Kva har ein slik som du (eg) å venta? Du (eg) ser meg sjølv ei stutt stund då, ser meg med dei unge sine augo (eller i minsto med andre folks). Ser deg (meg) sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement