Litteratur

24. januar 1971

Publisert Sist oppdatert

Lese Ein Fritenkjar. Ei sterk liti bok som eg las uppatt med spaning. Kor vilde det vera, set ein tok seg fyre og skreiv ein artikkel um boki?

Ein Fritenkjar hundre år etter? Ho er snart 100 år. Korleis stod det til då ho kom? Kvar stend me i dag? Eg meiner med umsyn til dei spursmåli ho dryfter? For dei er der, i dag òg. Noko er brigda. Men for dei fleste vil boki verka skræmande i dag òg. For ho tek spursmåli ålvorleg. Det same er tilfellet med Mannfolk.

Det var då. Kvar stend me i dag? Kunstnarane har det betre, dei har i alle fall fenge nokre bispepensjonar i tilskot og sel betre til private òg. Og kvendi har det betre. Sydamor, butikkgjentor, fabrikkgjentor fær løn so dei treng ikkje selja seg på gata for livemåten.

Jau, her vore mykje å tenkja og skriva um. Mannfolk hundra år etter. I alle fall les ein denne boki med stor spaning, ho er betre skriven enn Ein Fritenkjar, Garborg har vakse og lært mykje på desse åri, sidan den kom, heile 10 år ligg millom dei.

Dei snakkar um Ibsen som den store radikalar. Ibsen er ein ideologisk diktar, og dei vert snart ufårlege. Ibsen er ufårleg!

Ein Fritenkjar og Mannfolk gjeng kvardagen og realitetane inn på livet, det er enno ikkje «ufårlege» bøker. Endå gjeng Mannfolk for ei «stygg» bok, lenger er me ikkje komne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement