Litteratur

25. juli 1959

Publisert Sist oppdatert

Miller, denne moderne Thoreau. Mannen som er trøytt av storbyen og det moderne liv med pengejag og luksus, som vender alt dette ryggen og leitar attende til meir einfelde tilhøve i pakt med naturi. Eitt vil han ha med: kvinna. Miller er no som fyrr grådig etter kvinnfolk; han er ingen munk soleis.

Thoreau derimot var litt av ein brahman, han brydde seg ikkje um kvinnfolk. Han las i sine greske og indiske bøker og var asket. Det er noko djupt ærleg og trufast i Thoreau. Han er i slekt med store sanningssøkjarar som Pascal og Kierkegaard.

Det er liksom noko kunstig yver Millers program. Det er for flagrant, det uppreistet hans, det har for mykje av dollargliset. Gjev meg Thoreau! Han hadde ikkje gjenge i skule i Hollywood.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement