Den andre mannen. I diktet «Skriket» har Uppdal sagt noko um den andre mannen i oss. Eg kjenner godt den andre mannen, men eg har ikkje late han tala. For det er gut som kan tala det. Han trivlar ikkje etter ordi.
Alt er absolutt og avgjort, for han veit, som Dante visste. Uppdal let honom sleppa til stundom, ja ofte, og det er gut som har syner og dikt.
Eg har vore altfor redd. Eg skynar ein må læra å lita på den andre. For kjem han til ords so. Her er mykje å gjera. For i grunnen er det ikkje noko å vera redd, den andre. Han er vill og umsynslaus, og kan skræma folk. Tid er ikkje til for han, ikkje avstandar heller; døden er ikkje til for han heller, han har vore til og veit han vert til, han diskuterar aldri den sak.
Han er i alt og eitt motsetnaden til den stakkars uslingen som heiter eg, denne kvardagspuslingen, denne skrælingen.
Difor gjeng du og ottast for han, til kvardags, når du er normal, ottast han skal ta ordet, syngja upp, gjera seg myndig. Du ottast han, men inst – du er samstundes huga at han skal ta ordet, gjera seg til herre, for du er på ein måte sæl under hans vald.
Eit terribelt vald, eit skrekkvelde. Men herleg, like vel. For det er gut som regjerar på. Ein asiatisk Khan. Han er ikkje i tvil um kven han elskar. Han valde seg ei ein gong, og kjem henne i hug òg, han tvilar aldri på henne, det er so urikkande, ja som ei æveleg lov. Trugen, tvilar aldri. Veit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.