5. desember 1974

Hauge-dagbøkene: «Er det Yeats sitt testament irlendarane fylgjer? Ser so ut. Krig, død, helteliv, er det ikkje det han uppmodar dei til i 'Under Ben Bulben'?»

Publisert

Til Voss. Tannlækjaren tok nestet or såret; såg fint ut, sa han. – Lese ut The Nun (La religieuse) av Denis Diderot. Ei merkjeleg bok; der er gode skildringar frå klosterlivet. Vert ikkje halden for den beste av dei tri romanane han skreiv.

Diktarane har ikkje brytt seg um moderne europeisk vitskap; dei beste har vorte trugne mot den gamle, mot den esoteriske, hermetiske vitskapen. Det er det merkelege. Jung høyrer til den.

Merkeleg, Yeats var meir uppteken av Balzac enn av Tolstoj og Dostojevskij. «Lambert» og «Séraphita» grunda han mykje på, han som Strindberg.

Lawrence er den største pomologen som har levt! Synd han ikkje skreiv um fleire eplesortar. Men Granat har han skrive um – so du aldri gløymer det. Me som hugsar Granat, dei unge har snautt set sorten. «The Pomegranates» heiter diktet. «Figs» er òg makelaust.

Etter Eliot – Lawrence. Kan gjera seg mange tankar! Lawrence har vel det rikaste verk i engelsk lyrikk i dette århundra. Men kunsten? Har han poetisk kunst? Nykritikaren tykte ikkje det.

Hadde Dostojevskij kunst? Nei, vil mange segja. Hadde Blake kunst? Nei, svært lite. Hadde Whitman kunst? Nei, vil estetikaren segja. Og har sagt. Og likevel! Slik er det òg med Lawrence.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement