Litteratur

5. januar 1960

Olav H. Hauge-dagbøkene: «Kva er kunst? Kamuflert evangelium. Ingenting anna. Finna på sjølv. Kva finn du på sjølv? Det er erkjenning som er du sjølv.»

Publisert

Lee Van Dovski: Genie und Eros. Forvitneleg bok, serleg innleidingi. Biografiane er òg gode.

Thomas Mann: Adel des Geistes. Denne boki har eg ikkje set mykje i enno, men her er visseleg mykje godt.

Elles har eg fenge tak i tvo bøker av Buber, den merkjelege jødiske vismannen. Men det tek tid alt slikt. Fyrebils har eg nok med Meister Eckehart, som eg les eit lite stykke i kvar kveld.

Taler og traktater er vel det beste og djupaste eg har kome hegi av kristen litteratur, eg for min del. Brynhildsen er verkeleg god å setja um. Me har ikkje mange som han.

Ved sida har eg lese Gérard de Nerval: Aurélia, ei svensk umsetjing. Eg har han i tankane, etter lesnaden av Aarnes. Elles har eg kjent dikti hans lenge. Dette er noko for seg sjølv, som eg ikkje vil segja noko um, – til det kjenner eg altfor godt til slike tilstandar, eg kunde ha fortalt mykje slikt.

Men boki er sikkert heilt påliteleg, det er eg stød på, – har ingenting med dikting – eller rettare sagt uppdikting – å gjera.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement