Kunst
Å bygge seg sjølv på ny
Ahmed Umar skildrar både kjenslevart og nådelaust kva det kan koste å vere tru mot seg sjølv, og kvifor det er verdt prisen.
Langs veggane er det festa 97 gipshender som kvar held ein skulptur som skal representere ei bønn.
Foto: Uli Holz
Med store gulløyredobbar, lag på lag med perlesmykke og ei elegant framtoning er det tydeleg at norsk-sudanske Ahmed Umar (f. 1988) ikkje har som ambisjon å gli inn i mengda. Han har på kort tid dukka opp i fleire intervju og dokumentarar, og han viser raskt at han er meir enn ein eksentrisk kunstnar på jakt etter merksemd. Gjennom både kunsten sin og media jobbar han for at andre, i liknande situasjon, skal føle seg mindre aleine.
Umar kom til Noreg som politisk flyktning i 2008 og fullførte i 2016 ein mastergrad ved Kunsthøgskolen i Oslo. Han jobbar med skulpturar, keramikk, smykke, måleri og performance. Framandgjering, sosial kritikk og fridom er gjennomgangstema. Han er mellom anna kjøpt inn av Nasjonalmuseet og stiller no ut i Kunstnernes Hus i Oslo.
Det som er rett
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.